Vossebunad

Dagens herrebunad frå Voss har likskap til draktskikken rundt 1850-åra då dei korte jakkene kom på moten.

Jakka
Jakka er kort og i svart klede, har rett forkant og krage med stikkningar. Den har sju sølvknappar på kvar side framme, men den skal ikkje knappast.

Vesten
Vesten til herrebunaden frå Voss er laga slik at den gjev inntrykk av to. I eldre tider var den innerste vesten grøn og den ytterste rød. I nyare tid er desse to vestane sydd saman til ein. Alle knapphol er paspalerte med grønt stoff på den raude vesten og med raudt stoff på den grønne. Til vesten brukast sølvknappar.

Buksa
Buksa er i svart klede og kan fåast med klaff eller med gylfknapping. Den kan også fåast som knebukse eller lang bukse. Knebuksa har splitt ved kne, har 3 sølvknapper og sølvspenne i knelinning.

Skjorta
Skjorta er av lin eller bomullsleret.Krage og armlinninger kan ha kvitsaumbroderi. Også på kvar side av halsopningen kan det vere broderi når skjorta er av lin.

Sokkar, sokkeband og sko
Sokkane er mønsterstrikka i naturkvit ull. Sokkebanda er i raudt og grønt, og bunadsskoa er svarte med spenne.

Tilbehør
Tilbehør finn du her.