Eit tidlaust antrekk

Velkomen

Høvding Bunadsaum er ein av dei leiande tilverkarane av herrebunader i Noreg. Du vil på desse sidene finne oversikt over dei bunadane som vi lagar i dag, og oversikt over bunader som er klare til sying innan kort tid. I tillegg til sjølve bunaden leverer vi også, (til nokre av desse),  det du treng av utstyr, som bunadskjorter, sokkar, sokkeband, sko og elles det du måtte ynskje av sølv og anna bunadsutstyr.

Om selskapet

Frislid Herre vart i 1935 skipa under namnet Alf Frislid. Verksemda er i dag ei andre generasjons-verksemd. I 1948 starta verksemda med produksjon av dressar, jakker og bukser etter mål. I 1962 bygde verksemda nye butikklokaler. Produksjon og butikk vart då delt.

Frislid Herre er i dag ein herreekviperingsbutikk med målsaum som spesialfelt. I tilleg sel vi eit breitt utval av Frislid sine moderne kvalitetsdressar.

I 2001 starta vi Høvding Bunadsaum, ein bunadsverkstad som på kort tid har blitt ein av dei leiande tilverkarane på herrebunader i Norge.

Vi held til i Amfi Nordfjord, Sjøgata 21 på Nordfjordeid.

Om bunad

Herrebunaden i den form vi kjenner han i dag, oppstod for ca. 100 år sidan. Rundt 1900- årshundredeskiftet var folk meir opptekne av å ta vare på gamle tradisjonar. Dei fyrste herrebunadane som vart tekne i bruk, hadde derfor klare band til kletradisjonane frå 1800-talet.

Frå gamalt av vart dei aller finaste kledene brukte til kyrkjeklær. Til vanleg helg og til andre høgtider kunne det derfor vere variasjonar i måten og kle seg på. Vi meiner derfor at det er dei gamle folkedraktene sine stasplagg som lever vidare i dei bunadane som vi kjenner i dag.

Frislid Herreekvipering
Sjøgata 21
6771 Nordfjordeid
Telefon : 57 88 57 50

post@herrebunad.no