Masfjordbunad

Som fleire andre herrebunader frå Hordaland har også herrebunaden frå Masfjorden røter frå 1700-talet. Etter at den ei tid var delvis ute av bruk, vart den teken fram igjen i 1920-åra.

Jakka
I dag er jakka for det meste laga i svart klede. Jakkelengda rekk om lag ned til midt på hoftene. Den har krage, rett forkant og små slag. Både kragen, slaga og forkanten er kanta med grønt kanteband. Jakka har seks knapphol på begge sider som er sydde i same fargen som kantinga. Knappane er av sølv.

Vesten
I eldre tider var det vanleg med to vestar til denne herrebunaden. Den innerste var grøn, og den ytterste var raud. I nyare tid er desse to vestane sydd saman til ein, men slik at det ser ut som to vestar.Ryggen er i ubleika bomullsleret eller baskerlin og har tamp og spenne.

Skjorta
Skjorta er av kvit lin og har kiler i halsen som gjev god passform. Det har vore brukt forskjellige typar broderi, men det mest vanlege har vore tettsømmbroderi.

Sokker, sokkeband og sko
Sokkane er strikk av ubleika ullgarn, for det meste med flettemønster.Til sokkane høyrer også sokkeband med, medan bunadsskoen er svart med spenne.

Tilbehør
Tilbehør finn du her.