Hardangerbunad

Herrebunaden frå Hardanger kan fåast både med raud og grøn vest og har sitt utspring i områda i og omkring Kvam.

Jakka
Jakka er i svart klede og lengda rekk om lag ned til midt på hoftene. Den har krage, rett forkant og små slag. Jakka, armane og lommeklaffane er kanta med grønt kanteband og har ei bord med prydsaum innafor kantinga. Jakka har 8 sølvknapper med knapphol på kvar side, men den skal ikkje knappast.

Vesten
Vesten kan fåast både i raudt eller grønt klæde alt etter lokal tilknytting. Også vesten har krage og nedbretta slag. Som jakka har også vesten kanting og same prydsaumborda.

Buksa
Buksa er i svart klede som jakka, og kan fåast både med gylf eller med klaff. Den kan også fåast som knebukse eller lang bukse. Knebuksa har splitt ved kne, har tre sølvknapper og sølvspenne i knelinning.

Skjorta
Skjorta er i kvit bomull eller lin med tettsaumbroderi. Den har krage og nedbretta snipp.

Sokkar, sokkeband og sko
Sokkane er mønsterstrikka svart og kvidt ullgarn i rosemønster. Sokkeband i fine fargar og svarte bunadssko høyrer også med.

Tilbehør
Tilbehør finn du her.