Nordhordlandbunad

Herrebunaden frå Nordhordland blei laga omkring 1920 på bakgrunn av draktskikken på 1700-talet.

Jakka
Jakka, som for det meste er laga i svart klæde, er rett i forkant, har krage og små slag. Den har 6 knapphol på kvar side sydd med grøn tråd i same farge som kantabanda i framkant og på lommelaffane. Knappane er i sølv.

Vesten
I eldre tider var det vanleg med to vestar til denne herrebunaden. Den innerste var grøn og den ytterste rød. I nyare tid er desse to vestane blitt til ein, men slik at det ser ut som to vestar. Ryggen på vesten er i ubleika bomullsleret med tamp og spenne.

Buksa
Knebuksa er ei klaffbukse i same stoffet som jakka. Splitten ved kne vert knappa med sølvknapper og har knelinning med sølvspenne.

Sokker, sokkeband og sko
Sokkane er strikka av ubleika ullgarn gjerne med flettamønster. Til herrebunaden frå Nordhordland høyrer det og med fletta sokkeband i fargane grøn, rød og kvit, og sko frå Klaveness.

Tilbehør
Tilbehør finn du her.