Nordfjordbunad

På garden Jevnlid i Nordfjord kom ein tidleg på 1920-talet over ein gammal og måtteten herrebunad av vaddmål. Sjølv om denne herrebunaden ikkje kunne brukast, klarte ein skreddar og sprette den opp og lage nye mønster av den.

Jakka
Jakka til denne herrebunaden er av svart ullstoff. Den er kort framme og lang bak med foldar. Framme er der to rader med knappar, men den skal ikkje knappast. Både sølv og tinnknappar kan brukast.

Buksa
Klaffbuksa er av same stoffet som jakka. Det vert nytta både knebukse og langbukse. Til knebuksa høyrer det med mønsterstrikka ullsokkar og sokkeband.

Vesten
Vesten er i grønt ullstoff. Den har høg krage og går ned i ein spiss framme. Vesten er dobbelknappa med to knapperader som på jakka.

Tilbehør
Tilbehør finn du her.