Sognebunad

Herrebunaden i frå Sogn byggjer på drakttradisjonen slik den var i Sogn tidleg på 1800 – talet. Informasjonen er framskaffa i frå museer, bygdebøker og andre lokale tidsskrift.

Jakka
Jakka til Sognebunaden kallast ‘steglatrøya’, og er av kvit eller raud klede. Den kvite jakka har mørkeblå kantar, mens kantane på den raude jakka er grønne. Begge har krage med applikasjon og dekorstikkningar

Buksa
Buksa til Sognebunaden er ei knebukse med klaff, for det meste i svart klede. Ved kne har den opning med fire knappar og linning med spenne. Til buksa høyrer det også med bukseselar. Selane er vevde i ullgarn og påmonterte knappholsklaffar og sølvbslag.

Skjorta
Skjorta er av kvit lin med kvitsaumbrodreri på kragen, brystet og på armmanskjettane.

Vesten
Vesten er av klede, er kort med krage. Til den kvite jakka er vesten rød, og til den rød er vestefargen grønn. Vesten er dobbelspent med slag.

Sokkar og sokkeband
Til Sognebunaden høyrer det med kvite handstrikka sokkar. Eit av mønstra som vert nytta er flettemønster. Til sokkane høyrer det også med sokkeband.

Tilbehør
Tilbehør finn du her.

Kategori: