Fanabunad

Denne herrebunaden frå Fana som er med knebukse og to vestar, har trekk både frå midten av 1800-talet og frå dette århundrede.

Jakka
Jakka er lang og er i svart klæde. Den har krage, slag og to rader med sølvknapper og blinde knapphol. Jakka har foldar i ryggen og lommeklaffer med blinde knapphol.

Vestane
Til Fanabunaden høyrer det med to vester. Den innerste vesten er av raudt klæde med ubleika bommulsfor i ryggen. Den har vanleg halsringing, sølvknappar og broderte lommeklaffar.
Den andre vesten er i same stoffet som jakka. Den har krage, og har raud kanting i framkant. Framkanten er rett, har sølvknapper, blinde knapphol og broderte lommeklaffer.

Buksa
Knebuksa er ei klaffbukse med sølvknapper i linning og ved kne. Den har raud kanting langs knesplitten, brodering og sølvspenne på knelinningen. Til fanabunaden leverast også langbukse.

Skjorta
Skjorta er i kvit bommull eller lin og har broderi på kragen, framme på brystet, og på armmanskjettane. Den er rynka inn til halslinningen og har hol for montering av halsknapp. Skjorta kan ha monogram nedanfor halssplitten.

Sokker
Sokkane er handstrikka i ubleika ullgarn med broderi. Til sokkane høyrer også sokkeband med. Desse kan vere i forskjellige farger med frynser i endane. Svarte bunadssko med spenne høyrer også med.

Tilbehør
Tilbehør finn du her.

Kategori: