Askøybunad

Jakke
Jakka er i svart vadmel eller klede, og har burgunder kantband. Den har ståkrage, er dobbelspent og har nedbretta slag. Jakka skal ikkje knappast.

Bukse
Buksa er knebukse i same stoff som jakka, svart vadmel eller klede. I splitten ved kne er det tre sølvknappar og spenne. Buksa kan og fåast med klaff i staden for gylf etter ønske.

Vest
I fronten av bunadvesten er det og brukt svart vadmel eller klede. Ryggen er i kvit ullflanell. Den har som jakka ståkrage, er dobbelspent og har nedbretta slag. Vesten er kanta med burgunder kantband, og same farge i knapphol.

Tilbehør
Tilbehør finn du her.

Kategori: