Historie
Herrebunaden i den form vi kjenner han i dag, oppstod for ca. 100 år sidan. Rundt 1900- årshundredeskiftet var folk meir opptekne av å ta vare på gamle tradisjonar.
Dei fyrste herrebunadane som vart tekne i bruk, hadde derfor klare band til kletradisjonane frå 1800 - talet.

Frå gamalt av vart dei aller finaste kledene brukte til kyrkjeklær. Til vanleg helg og til andre høgtider kunne det derfor vere variasjonar i måten og kle seg på. Vi meiner derfor at det er dei gamle folkedraktene sine stasplagg som lever vidare i dei bunadane som vi kjenner i dag.


Frislid Herrekvipering, Eidsgata 25, 6770 Nordfjordeid, Tlf : 57 88 57 50 E-post : post@herrebunad.no